Arbeidsgivar: Noreg
Stad: heile landet og heile utlandet
Tilsetjingsform: livsvarig, utan prøvetid
Løn: fastsett av Stortinget
Oppseiing: ved død eller revolusjon
Om stillinga
Noreg søkjer ein person til ei heilt spesiell rolle i skjeringspunktet mellom symbol, samfunn og familie. Stillinga inneber å vera samlande figur i gode tider, stødig bakgrunn i kriser og offentleg ansvarleg også for det du ikkje rår over.
Du vil aldri ha formell politisk makt, men likevel bli halden moralsk ansvarleg som om du hadde det.
Arbeidsoppgåver
- Representere nasjonen verdig, varmt og feilfritt
- Vere gallionsfigur for verdiar som fellesskap, omsorg og stabilitet
- Utføre omfattande representasjonsarbeid, helst også på dagar med dårleg helse
- Handtere konstant medieinteresse utan å bli defensiv, bitter eller taus
- Navigere sosiale relasjonar der feil vurdering kan få institusjonelle konsekvensar
- Vere mor, ektefelle og menneske – offentleg
Kvalifikasjonar
- Svært høg emosjonell intelligens og ufeilbarleg dømmekraft, også i møte med makt, pengar og smiger
- God helse er ein fordel
- Høg stresstoleranse og låge krav til privatliv
- Evne til å vere tydeleg utan å vera politisk
- Dokumentert evne til å lære av feil og be om tilgjeving
- Evne til å sjå ut som ein modell og kle tiara
- Meistre møte med statsleiarar, skuleklassar og eldre på same dag og føre samtalar på 37 sekund om veret, barn, lokal næringsverksemd, sorg, håp, kaffe og handverk m.m.
- Avgrensa handlingsrom, men uavgrensa ansvar
- Evne å vera heilt vanleg, men betre enn alle andre
Personlege eigenskapar
- Audmjuk, men ikkje unnvikande
- Varm, men ikkje naiv
- Robust, men ikkje kald
- Synleg, men ikkje for mykje
- Kunne ta ansvar for eigne feil og for andre sine
- I stand til å stå i kritikk utan å ta det personleg, sjølv når det er personleg
Vi tilbyr
- Historisk rolle med stor symbolverdi
- God løn, fine kjolar, glitter og stas
- Brei folkeleg støtte, så lenge du har brei folkeleg støtte
- Høve til å gjera reell forskjell gjennom språk, merksemd og nærvær
- Avgrensa handlingsrom, men uavgrensa ansvar
- Mange millionar menneske som veit kva du burde gjera
Merknad
Søkjarar vil bli vurderte på bakgrunn av: eigen biografi, relasjonar, familie, utsjånad og framtidige tolkingar av fortid. Det kan bli lagt vekt på e-postar, eksar, vener, barn, feil, rykte og tabloidoverskrifter.
Kronprinsesse Mette-Marit er tilsett i stillinga. Utlysinga er difor reint hypotetisk.
Men krava?
Dei er heilt reelle.
Disclaimer : This story is auto aggregated by a computer programme and has not been created or edited by DOWNTHENEWS. Publisher: aftenposten.no








