Frontfagsmodellen eksponerer Fastlands-Noreg for oljeprissjokk

0
4
Om oljeprisen ikkje kjem ned, men blir verande på eit høgare nivå enn før Iran-krigen starta, er det utsikter til betre lønsemd, høgare investeringar og meir aktivitet både i oljeselskapa og blant leverandørane deira, skriver Klaus Mohn.

Utviklinga i løner og prisar er kopla til utviklinga i oljeprisen.

Varsel frå Noregs Bank om nye rentehevingar har reist debatt om inflasjon og rentesetjing. Espen Nakstad utfordrar sentralbanken si forståing av prisdanning og rentesetjing og blir imøtegått av Øistein Røisland. Ordskiftet er opplysande og viktig. Men begge partar tek for lett på viktige særnorske forhold bak utviklinga i kostnadar, prisar og renter.

Samansette årsaker og verknadar

Auken i oljeprisen som følgje av krigen i Iran er ein viktig faktor bak dei siste signala om renteauke.

For pengepolitikken har det stor betyding om auken i oljeprisen skuldast høgare etterspurnad eller redusert tilbod. Her seier læreboka at oljeprissjokk som har opphav i høgare etterspurnad (til dømes økonomisk oppsving i Kina), skal møtast med renteauke, mens sentralbanken bør ha is i magen og i større grad «sitte gjennom» oljeprissjokk som er tilbodsdrivne (til dømes pga. krig i Midtausten).

Utfordringa er at ingen oljeprissjokk er anten det eine eller det andre. Snarare vil dei ha samansette årsaker og verknadar som varierer mellom land og utviklar seg over tid.

Kostnadar og prisar i Fastlands-Noreg

I Noreg likar ein å tru at den økonomiske politikken skjermar fastlandsøkonomien mot svingingar i oljeprisen.

Oljefondsmekanismen og handlingsregelen for finanspolitikken sikrar rett nok at bruken av oljeinntekter over statsbudsjettet er separert frå innteninga av oljeinntektene. Men oljeprisen påverkar kostnadar og prisar i Fastlands-Noreg gjennom andre kanalar. Ein av desse er lønsoppgjera, der konkurranseutsett industri (frontfaget) set norm for koordinerte lønsoppgjer gjennom den såkalla frontfagsmodellen. Utfordringa er at frontfaget omfattar dei viktigaste leverandørane til olje- og gasselskapa.

For oljeselskapa vil ein auke i oljeprisen gje høgare inntekter. Lønsemda blir betre i alle typar prosjekt, samtidig som høg oljepris gjer oljeselskapa meir slepphendte. Resultatet er ein auke i oljeinvesteringane og press mot prisar, kostnadar og løner blant leverandørselskapa. Soleis vil ein auke i oljeprisen gje høgare lønstillegg, i første omgang for konkurranseutsett industri, men i neste omgang for heile resten av fastlandsøkonomien.

Det som startar som ein auke i oljeprisen som følgje av uro og krig (tilbodssidesjokk), kan dermed bre seg til innanlands auke i kostnadar og prisar, via innanlands etterspurnad.

Raust lønsoppgjer

Utviklinga i løner og prisar er dermed kopla til utviklinga i oljeprisen, eller meir spesifikt til inntekter og lønsemd og aktivitet blant oljeselskap og leverandørar.

Denne mekanismen bidrog til frisk vekst i lønsnivået fram mot finanskrisen i 2008, til moderat lønsvekst i åra etter oljeprisfallet i 2014 og aukande lønsvekst utover 2020-talet. Dei siste fem åra har oljeskattepakken til oljeselskapa hatt ein tilsvarande verknad som ein auke i oljeprisen. Dermed har politikken overfor oljenæringa gitt høgare vekst i løner og prisar enn me elles ville hatt, og dermed også høgare rente.

Av same grunn kan me alle vente oss eit raust lønsoppgjer i år. Det som kan sikre moderasjon i årets lønsoppgjer, er om krigen i Iran får ei snarleg slutt. For om oljeprisen ikkje kjem ned, men blir verande på eit høgare nivå enn før Iran-krigen starta, er det utsikter til betre lønsemd, høgare investeringar og meir aktivitet både i oljeselskapa og blant leverandørane deira.

Med slike utsikter er det mindre grunn for arbeidstakarsida å vise moderasjon i forhandlingane, mindre grunn for Noregs Bank for å gje slakk i pengepolitikken og større grunn for oss alle til å vente fortsett høge renter.

Disclaimer : This story is auto aggregated by a computer programme and has not been created or edited by DOWNTHENEWS. Publisher: aftenposten.no