Strengare regulering av jakt må til i kjølvatnet av innføring av ny teknologi.
Debatten rasar i ulike media om bruk av varmesøkande, termiske, kikkertar på jakt, mellom anna i Aftenposten 9. mars og 11. mars. Varmesøkande, handhaldne kikkertar — også kalla spottarar — vil ikkje vera forbode etter ny viltlov som trer i kraft i 2026. Montering av termiske kikkertsikte vil derimot bli regulert i forskrift som kan gjere bruk lovleg om kommunane vil.
Ved bruk av slik teknologi er det fare for at vi går over ei grense i vår hausting av viltet. Varmesøkande kikkertar kan hjelpe til å spotte viltet der jegerane elles ikkje vil finne dei.
Teknologien kan påverke både planlegging og utøving av sjølve jakta. Har du montert den varmesøkande kikkerten på rifla, kan du i tillegg skyte i ly av mørket. Jakta blir då ein slags militær operasjon.
Jegeren har overlegne fordelar
Slik militær teknologi gir altså jegeren overlegne fordelar i å finne og felle bytte. Heilt annleis enn dei sansane naturen har utstyrt oss med. Viltet sine skjulestader i ly av mørket eller i ulendt terreng kan no lett bli avslørt.
Naturlovene vert på ein måte oppheva. Økologisk kunnskap tilseier at utan gode skjulestadar kan lokal utrydding av bestandar vera ein konsekvens.
At vi skal kunne oppleve at viltbestandar blir borte, verkar kanskje umogeleg for dei fleste hjorteviltjegerar. Norsk hjorteviltforvaltning har jo levd i konstante oppgangstider. Vi har i mange tiår kunne hausta frå store og levedyktige bestandar, og jakta har hatt brei støtte i samfunnet.
Det er opp til myndigheitene, ikkje minst kommunane, om suksessen skal vare ved.
Råd til viltforvaltninga
Her er nokre enkle råd til viltforvaltninga:
- Forby nattjakt. Termiske sikter på rifler vil då miste sin overdrivne maktfordel.
- Skru ned kvotane drastisk. Då vil vi redusere den negative effekten av dei handhaldne varmesøkande kikkertane og få kontroll.
- Bruk gjerne teknologien, men bruk den rett. I dag har vi for dårleg kunnskap om viltbestandane til å kunne forvalte dei berekraftig. Den varmesøkande teknologien kan montert på dronar til overvaking hjelpe oss til betre innsikt.
Strengare regulering av jakt må altså til i kjølvatnet av innføring av ny teknologi. Slik har det alltid vore i forvaltning av miljø og ressursar. Den nye viltlova med sine forskrifter går dessverre ikkje langt nok i denne reguleringa.
Disclaimer : This story is auto aggregated by a computer programme and has not been created or edited by DOWNTHENEWS. Publisher: aftenposten.no









