Om me først skal snakke om ein sjuk kultur, så finst det betre eksempel enn at eittåringar får utvida horisonten sin i barnehagen.
Me les «Fra ape til sapiens – menneskenes historie» på senga: Dersom me komprimerer Jordas historie til eitt enkelt år, kjem første teikn til liv, i form av enkle bakterier, den 17. februar. Homo sapiens gjer sin entre først kl. 23.37 på nyttårsaftan. «Så masse bråk på så kort tid!» bryt sonen min ut. Ja, seier eg, ikkje minst det siste halvminuttet.
Etterpå les eg vidare i Dag O. Hessens «Å tenke med Zapffe» om den norske filosofen, fjellklatraren, humoristen og erkepessimisten Peter Wessel Zapffe (1899-1990). Så pessimistisk var han at han nekta å forplante seg og meinte at det beste ville vere om heile menneskeslekta berre døydde ut.
Les hele saken med abonnement
Disclaimer : This story is auto aggregated by a computer programme and has not been created or edited by DOWNTHENEWS. Publisher: aftenposten.no



