Karpe har gitt språk til skam, sorg og takksemd for mange av oss som vaks opp mellom fleire kulturar. No skal eg stå på Ekebergsletta og ta farvel.
«Du sier at jeg skriver altfor mye om moren min…»
Klokka er 05:15. Øyreproppane mine er i full dans. Hovudet mitt skulle hatt fokuset på neste sett med skulderpress, men kroppen strittar imot. Litt etter litt fyl augo mine seg opp. Det blir meir og meir uklart i synsfeltet.
«Et hjem uten henne, er et hus uten bordben, uten bordbønn, uten stoler…» fortset det i øyra mine.
Musikken som fekk meg til å høyre til
Forvirring, sinne, glede, kjærleik, sorg… mykje av det eg har kjend på i oppveksten min, har vore lettare å bere saman med Karpe. Tankar og kjensler eg sjølv strevde med å setje ord på, fekk meining gjennom musikken deira. For eit fleirkulturelt barn som sleit med å finne tilhøyrsle, betydde det mykje. Barnet i meg kjenner eit punktert hjarte gradvis minke i storleik. Identiteten min som andregenerasjonsinnvandrar slit med å akseptere eit nytt kapittel utan Karpe.
Lukta som sat seg i fjerde, presset frå foreldre om å prestere på skulen, at folk rundt meg hadde hytte utanom meg, var liksom noko eg kunne leve med. Eg var ikkje åleine. At mamma hadde ein raud prikk på panna, eller at pappa brukte sarong heime, vart bitte litt kulare på grunn av Karpe.
Ordet «påfugl» tatoverte seg i nervane mine.
Eit farvel og ei takk
I vaksen alder har eg tenkt mykje på å miste foreldra våre. Foreldra våre er inngangsporten og starten på røtene til den andre halvdelen vår. Den delen fryktar eg å miste, saman med foreldra mine ein dag. Den frykta og den sorga har også Karpe sett ord på i nyare tid. Frå skam til takksemd har eg, parallelt med mi eiga tidslinje, sett og følt i musikken til Karpe.
No skal dei leggje opp. Eg skal snart pakke sekken min, så eg kan vere med og feire alt dei har gjort og fått til i Noreg. På laurdag skal eg stå på Ekebergsletta. Garantert med tårene framme. Takksam for alt dei har gjeve det vesle barnet i meg, og håpefull om at den vaksne meg kan føre ein bit av dei vidare til neste generasjon…
Disclaimer : This story is auto aggregated by a computer programme and has not been created or edited by DOWNTHENEWS. Publisher: aftenposten.no







