Oljepengane før Oljefondet

0
1

I den allmenne historia blir ideen tillagd eit offentleg utval i 1983, men det byrja i sentrumspolitiske miljø lenge før.

Kloke reformer vil mange ta æra for. Kristin Clemet minner i Aftenposten 18. april om at det var regjeringa Syse som i 1990 fremja forslag om å opprette Statens petroleumsfond. I den allmenne historia blir ideen tillagd eit offentleg utval under leiing av Hermod Skånland i 1983, men det byrja i sentrumspolitiske miljø lenge før.

Korleis skulle den gryande rikdomen handterast? Noreg måtte ikkje bli ein kuwaitøkonomi der størsteparten av inntektene kom frå eksport av olje og gass. Også røynslene frå Nederland på 1960-talet skremde. Oljefunn på nederlandsk sokkel hadde sendt store summar inn i ein nasjonaløkonomi der pengane blei brukte fort og gale.

Med folk som tidlegare industriminister Ola Skjåk Bræk og Senterungdom-leiar Eivind Reiten tok den tverrpolitiske arbeidsgruppa «Olje og samfunn» i 1981 mål av seg til å hindre ein einsidig næringsstruktur i eit Olje-Noreg. Tyngdepunktet låg i miljøet rundt Korvald-regjeringa. Unge Høgre og Raud Ungdom betakka seg.

Kloke reformer vil mange ta æra for

Kyrkje- og undervisningsminister Einar Førde (Ap) var til stades då arbeidsgruppa la fram synspunkta sine. Mykje fornuftig, sa han etterpå, men sjansen er som for snøballen i helvete, for fattigdomen er nær fortid for mange, og alle vil ha tak i mest mogeleg av pengane. Ja, pengane er der, konstaterte SV-leiar Berge Furre i 1981: «Spørsmålet er kven som skal bruka dei.» Endelause krav marsjerte med rop om at rikdomen måtte kome heile folket til gode! Her! No!

Alt i 1970 drøfta Unge Venstre kva rolle Noreg som småstat og oljeproduserande land burde spele internasjonalt, og KrFU gjekk i 1980 inn for eit oljefond til bruk i den tredje verda. I 1981 ville Venstre opprette eit eige oljebudsjett som viste oljeinntektene og kva dei skulle brukast til. Partiet ville også setje ei øvre grense for kor mykje oljeinntekter det var forsvarleg å bruke kvart år. Fleirtalet i Stortinget røysta sommaren 1981 mot denne tidlege utgåva av den handlingsregelen som Stortinget innførte i 2001. Partiet tok opp att framlegget i både 1982 og 1983.

Disclaimer : This story is auto aggregated by a computer programme and has not been created or edited by DOWNTHENEWS. Publisher: aftenposten.no