Silje (21) elska å feste med venene.
Så fekk ho beskjed: Du kan ikkje drikke alkohol meir.
Den første tanken var: – Korleis skal eg vere sosial no?
(Bergens Tidende): Det er iskaldt ute, men Silje er klam og svimmel.
21-åringen står i kø saman med venninnene utanfor Verftet i Bergen.
Ho har gleda seg til å sjå Undergrunn spele konsert. Men ho kjenner seg dritings.
– Eg må faktisk stikke heim, eg føler meg ikkje bra, seier ho til venninna.
Silje gir henne ein rask klem, før ho går bort til ein taxi og set seg inn.
Ho er sint på seg sjølv. No går ho glipp av alt. Korleis er det mogeleg å bli så full på to glas vin, tenkjer ho.
Brått kjenner ho ei stikkande smerte under brystet som skyt ut mot ryggen.
Så blir alt svart.
Les hele saken med abonnement
Disclaimer : This story is auto aggregated by a computer programme and has not been created or edited by DOWNTHENEWS. Publisher: aftenposten.no



