Noreg manglar ein digital forsvarssjef – det kan bli dyrt

0
2

Alle har ein bit av ansvaret. Ingen har heilskapen, og ingen har plikt til å prioritere.

«Vi er i krig», sa Tonis Saar, direktøren for Nato Cooperative Cyber Defence Centre of Excellence til Aftenposten 14. september, same dag som nettsidene til Stortinget vart slått ut. Då bør det vere lett å svare på kven i Noreg som har ansvaret for å hindre neste angrep.

Det er det ikkje. Justis- og beredskapsdepartementet samordnar, etatane er fordelte på tre departement, og kvart sektordepartement har ansvaret for sin sektor. Riksrevisjonen har to gonger kalla samordninga kritikkverdig.

Alle har ein bit av ansvaret. Ingen har heilskapen, og ingen har plikt til å prioritere.

Det er farleg, av ein grunn Ukraina har vist oss: Eit militært forsvar står og fell med at straum, vatn og samband fungerer. Alt dette er sivilt eigd, digitalt avhengig og spreidd over mange sektorar. Difor rår Ukraina allierte til å ha eitt permanent kriseorgan på tvers av sektorane, med mynde og avklarte tersklar, klart før krisa kjem.

Noreg har eit kriseråd som blir samla når det smell, og eit cyberkoordineringssenter for tryggingstenestene som Riksrevisjonen i 2023 fann berre delvis nådde måla sine. Ingen av dei har mynde på tvers av sektorane.

Vi har gode årlege trusselvurderingar frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM), Politiets sikkerhetstjeneste (PST) og Etterretningstenesta, men dei kjem éin gong i året og stort sett utan tal. Ukraina publiserer hendingstal sorterte etter alvorsgrad kvart halvår. Det siste offentlege talet frå norske styresmakter er frå 2023.
Tre grep krev inga ny utgreiing:

1. Éin eigar: Gi den nye nasjonale sikkerhetsrådgjevaren ved Statsministerens kontor ei eining for digital motstandskraft, med mynde til å pålegge sektordepartementa tiltak og plikt til å rapportere til Stortinget.

2. Opne tal: Publiser kvartalsvise, ugraderte hendingstal.

3. Nordisk samarbeid: Start med gjensidig godkjenning av sikkerheitsklareringar og felles situasjonsbilete for kraft og elektronisk kommunikasjon.

Ukrainas mål er ikkje å stoppe alle angrep, men å sikre at ingen angrep kan destabilisere samfunnet. Noreg har same mål i minst tre strategiar. Den for digital sikkerheit er frå 2019, ansvaret er gitt til alle departementa, og Riksrevisjonen fann i 2023 at ingen kan seie om tiltaka verkar.

Erik Kursetgjerde skriv på eigne vegne.

Disclaimer : This story is auto aggregated by a computer programme and has not been created or edited by DOWNTHENEWS. Publisher: aftenposten.no