Gifta i barnevernsdebatten

0
3

Konspirasjonsteoriar tømmer samfunnsdebatten for luft og gjer samfunnskritikk vanskelegare. Det er ikkje minst synleg i norsk barnevernsdebatt.

I årevis har aktivistar spreidd bilete av ein død tenåring. Ho heitte Shada, og bileta av den døde jenta er blitt sett av tusenvis. Det som byrja med spørsmål rundt eit tragisk dødsfall i barnevernets omsorg, har vakse til påstandar om at jenta var eit offer for menneskehandel, og at ho vart tatt av dage for å halda sanninga skjult.

Fleire såkalla alternativmedia har skrive inngåande om saka, med utgangspunkt i påstandar frå legen Rodgeir Vinsrygg.

Det er påstandar som på nettet ofte har vore tett samanvevd med konspirasjonsteoriar. Eller det vil seia: Det har eigentleg ikkje vore snakk om teoriar, det har vore snakk om konkrete anklager. «Skal vi fortsette å late som ingenting», heiter det på ei nettside, «eller skal vi endelig se på maktens mørke speibilde?»

Teksten er illustrert med eit KI-generert bilete der Jeffrey Epstein er gjeve ei hovudrolle. Andre stader blir statsminister Jonas Gahr Støre skulda for å ha freista å skjula drapet på eit barn.

Kvifor ikkje tidlegare?

No har VG og Faktisk.no plukka frå kvarandre påstandane til Vinsrygg. Dei har levert eit imponerande stykke journalistisk arbeid.

Kvifor skjedde ikkje det før? Kvifor har saka vorte overlatt til såkalla alternativmedia, til Facebook-grupper og kommentarfelt?

Eigentleg er det faktisk ikkje så vanskeleg å forstå. Å skriva om ei tragedie som dette gjer uunngåeleg at ein støyter på mange og vanskelege presseetiske dilemma. Det er dilemma VG og Faktisk.no heller ikkje går klar av, sjølv om dei forklarer kvifor dei gjer som dei gjer.

Det kan stillast presseetiske spørsmål ved både innhaldet og presentasjonen. Er det til dømes naudsynt å presentera bilete frå ein mobilfilm som aldri var meint for offentlegheita?

Norske mediahus er dessutan vanlegvis tilbakehaldne med å skriva om sjølvmord. Dei er naturleg nok endå meir tilbakehaldne når det handlar om ein mindreårig. Det bør dei vera. Det bør me vera glade for at dei er. Alternativmedia med sviktande etiske standardar synleggjer eigentleg kvifor.

Etikk er heller ikkje den einaste problemstillinga seriøse media vil støta på. I saker som dette vil mange ha teieplikt. Som Svein Tore Bergestuen skriv i VG: «I Norge finnes det saker der den som vet mest, har minst anledning til å snakke. Det gjelder ofte de mest alvorlige sakene vi har.»

Det viktigaste

Samstundes er det jo ikkje vanskeleg å forstå alle dei som meiner at norske media burde ha undersøkt og skrive om den såkalla Shada-saka tidlegare. På den eine sida omfattar historia konspirasjonsteoriar som bør konfronterast. Ho fortel også om nokre slags entreprenørar i konspirasjonsteoriar, aktørar som ofte er påfallande kyniske, og som det absolutt bør rettast eit kritisk søkjeljos mot.

På den andre sida er det verken drapsanklager, konspirasjonsteoriar, dei som sel dei, eller dei som berre gjev dei eit mikrofonstativ, som er viktigast i saka. VG sin omfattande artikkel peiker også på meir vesentlege spørsmål.

Han omtaler delinga av ein søskenflokk og stadig flytting av born som er under barnevernet si omsorg. I denne konkrete saka peiker dei på korleis ein sakkyndig psykolog omtalte det siste som svært uheldig: «Flyttingene gjorde henne stresset og redd, mente psykologen. Det ble vanskelig for Shada å stole på nye voksne.»

Shada sin veslebror seier dette i artikkelen: «De snakker om barnets beste. Hva er egentlig barnets beste? Shada fikk det ikke bra i barnevernet. Hun endte opp i en kiste.»

Der – i desse få setningane frå ein psykolog og frå ein bror – ligg det rom for mykje og viktig samfunnskritikk

Der – i desse få setningane frå ein psykolog og frå ein bror – ligg det rom for mykje og viktig samfunnskritikk. Det finst mange ekte spørsmål i historia til Shada, spørsmål me kanskje aldri får svar på, men som me som samfunn likevel burde stilla. Kva kunne storsamfunnet ha gjort annleis? Kva var det som gjekk gale?

Å stilla dei spørsmåla går rett i kjerna på pressa sitt samfunnsoppdrag, slik ho er definert i Ver Varsam-plakaten: å avdekkja kritikkverdige tilhøve, og å beskytta enkeltmenneske og grupper mot overgrep og forsømmelsar frå offentlege myndigheiter og institusjonar, private foretak og andre.

VG-artikkelen kjem også inn på ei ekte overgrepsanklage. Den vart – i motsetnad til kva som vert påstått av ein del aktivistar – etterforska av politiet. Saka vart henlagt.

Når samfunnskritikken druknar

Entreprenørane innan konspirasjonsteoriar vil ofte søkja å framstilla seg sjølv som samfunnskritikarar.

Problemet er at konspirasjonsteoriar slett ikkje fremmer samfunnskritikk. Snarare køyrer dei ofte politisk engasjement i grøfta og får viktige debattar til å spora av. Døma på dette er mange. Spinnville konspirasjonsteoriar gjorde til dømes at det vart vanskelegare å diskutera problematiske sider ved norske smittevernreglar under koronapandemien.

Når det gjeld nettopp barnevernet, er dette fenomenet også lett å få auge på. Det er vanskeleg å sjå for seg ei meir inngripande offentleg verksemd enn barnevernet. Det åleine gjer at barnevernet burde vera gjenstand for betydeleg offentleg debatt. Det same gjer ei rekkje domar mot Norge i den europeiske menneskerettsdomstolen, domar som rett nok har ført til endring.

Men norsk barnevern er også gjenstand for spinnville konspirasjonsteoriar, iblant i utanlandske media, ikkje sjeldan i norske miljø. Det gjeld ikkje minst i sosiale media, der ein sjeldan treng leita lenge for å finna anklagene: om korrupsjon, om korleis barnevernet dekker for pedofile nettverk, om mørke komplott, om «statsmafiaen» og sjølvsagt om at media dekker over sanninga.

Og verst av alt: Menneske i svært sårbare og vanskelege situasjonar vert lokka inn i beksvarte tankeunivers

I denne støyen druknar samfunnskritikken. Seriøse kritikarar kan velja å simpelthen skugga banen. Og verst av alt: Menneske i svært sårbare og vanskelege situasjonar vert lokka inn i beksvarte tankeunivers. På alle desse måtane er konspirasjonsteoriar gift for samfunnsdebatten.

Når det gjeld denne nitriste saka, er det likevel ikkje konspirasjonteoriar me burde diskutera mest. Me burde diskutera røyndomen. Det er nok av mørke der også.

Øyvind Strømmen er utdannet religionsviter og journalist. Han ga i 2021 ut boken «Giftpillen: Konspirasjonsteorier og deres ødeleggende kraft».

Disclaimer : This story is auto aggregated by a computer programme and has not been created or edited by DOWNTHENEWS. Publisher: aftenposten.no